PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Tilbakestille: Hold Ctrl-tasten nede (Cmd for Mac). Trykk 0 (tallet null).

Nordisk samarbeid for rørlegger-utdanning

Sogndal VGS og Idnskolinn på Island har startet eit to-årig samarbeid med vekt på «miljøvennlige metoder for varmeanlegg til bygningar».


TESTAR UT: Prøving av nye verktøy på verkstaden.

Tekst og bilder: Oddbjørn Skjerdal, Kontaktlærar 2 KEA v/Sogndal VGS- Klima energi og miljøteknikk

"Ved skulen vår i Sogndal skal me ha fokus på solvarme, varmepumper, delar og verkty som me nyttar i Noreg. Medan det på Island skal vera fokus på bruk av geotermisk varme (vatn som kjem oppvarma frå bakken) og korleis dei distribuerar denne gjennom røyrsystem til bustadhus.

Dette samarbeidet er kome i stand som fylgje av søknad til prosjektmidlar hjå Nordplus Junior som er eigd av Nordisk ministerråd.

    Tanken om eit samarbeid med Island kom etter ei samling for røyrleggjarlærarar i regi av NRL i 2009 og hospitering på Idnskolinn i 2010. Dette er noko som me hadde lyst å få til både for å utvikla KEM- lina i Sogndal, og å kunna gje elevane våre noko meir.

Men fyrst i 2012 vart det nærare samtalar mellom skulane ved Gunnar Sigurjonsson og Oddbjørn Skjerdal. Det vart då avtala at me skulle undersøkja moglegheit for eit prosjekt gjennom Leonardo eller Nordplus.

Framleis tok det litt tid, men så, på faglærarsamling i Reykjavik 2013 hadde me dei fyrste konkrete samtalane om prosjektet. Me vart samde om hovudråmene for samarbeidet, og gjorde førebuingar til å skriva prosjektsøknad i desember 2013.

Frå utdanningsavdelinga på  fylket fekk me støtte slik at Gunnar kom til Sogndal og i samarbeid med Heidi Fondenes, som er internasjonal kontakt på skulen vår, fekk me skrive søknad til Nordplus Junior og sendt han inn. I Juni 2104 kom beskjeden om at søknaden var godkjend, og felles utveksling mellom skulane var eit faktum.

Tidspunkt for elevutveksling

Det var bestemt at Idnskolinn skulle koma til Sogndal i oktober 2014 og 2015, medan Sogndal VGS ved KEM lina skal til Island i mars 2015 og mars 2016.

Dei ni Islandske studentane, og ein lærar, kom til Sogndal 16. oktober og vart innlosjerte på Sogndal lodge som vart heimen deira den veka.  Dei faglege aktivitetane me hadde planlagt denne veka var å læra namn på Islandsk og Norsk for felles delar/efni.


ISLENDINGANE PÅ LEIKANGER: Frå venstre: Gudni Fridriksson, Daniel Taroni, Saevar Egilsson, Dadi Jonsson, Trausti Gudbjartsson, Jakob Magnusson, Gunnar Sigurjonsson (lærar), Arnar Gestsson og Sigurdur Magnusson.

Kurs i våtromsnorm: korleis byggja tette våtrom, røyr og deler som vert nytta i Noreg, men ikkje på Island. Kurs om varmepumper og solfangarar med Brødrene Dahl og ekskursjon til bustadhus på Kaupanger der desse installasjonane var monterte. Besøk til Brødrene Dahl si avdeling på Kaupanger og Marine Harvest sitt anlegg på Hermansverk med røyr, pumper og varmevekslarar og styringar.

Dei Islandske studentane skulle og få vera med ein dag ut i lokale røyrleggjarbedrifter i Sogn.

Det meste gjekk etter planen, men kurset om solfangarar og varmepumpe måtte diverre gå ut. Det skal me ta att i mars, på Island. Dei lokale røyrleggjarane som var med å tok seg av dei ni islandske studentane var: Røyrleggjarservice Ola Skophamar, Caverion Sogndal, Ingmar Fimreite, Sogn Røyr og Roald Øen. Dette var ein særs god dag for studentane, me er takksame for at me har eit godt samarbeid med næringslivet i Sogn.

Fine, sosiale samvær

Den sosiale kontakten mellom elevane våre og å få oppleva Sogn, stod også på planen. Fredag 17.10 hadde me sosialkveld på «Lodgen» og konsert med  The Lionshead på meieriet om kvelden.

Laurdag var me på tur til Harastølen som vart bygd i 1902.

Det er noko å tenkja på sa Gunnar: «Då Harastølen vart bygd var det nesten ikkje noko i Reykjavik». Deretter sette me turen i Lustrabadet, det fall i smak både med heita- og kalda pottur. Sundag 19.10 ville me syna dei Kaupangerbygdi og stavkyrkja.

For å gje dei litt kontrast reiste me ut til Leikanger der fjorden er meir open, og ein kan sjå både til høgre og venstre utan å måtta kika rett opp for å finna himmel.

Sundag kveld var det også lagt opp til ein liten overraskingskonsert med lokal musikk. Me hadde fått Kari Malmanger med song, Svein og Hallgrim Skjerdal på hardingfele.

Dette var noko dei ikkje hadde opplevd tidlegare og det fall verkeleg i smak. Gunnar hadde også fått lånt ein gitar og framførde nokre gode Islandske songar til oss. Etter konserten vart det servert islandsk kjøtsuppe til alle, og kvelden vart eit flott møte med folk, kultur og god mat.

Det kom også fram at Dadi, ein av elevane frå Island hadde (afmæli) 23- årsdag. Då mor Erna Skjerdal høyrde dette sa ho: «Ja, men då må de vel ha kaka, eg kan laga!» Det vart bursdagsfeiring med både krune og kake, og ein liten batteridrill som laga lyd til gåve.

Eit slikt prosjekt som me har fått til i samarbeid med Idnskolinn er av stor verdi for oss på skulen. Me må strekkja oss litt fagleg, og samarbeida endå betre med det lokale næringslivet, og me får utvida vår eigen og elevane sin horisont både fagleg og kulturelt.

Det er også ein spanande tanke at våre elevar kan få ta delar av lærlingtida si hjå røyrleggjarmeistrar på Island.

Dei islandske røyrleggjarane ynskjer sogningane velkomne over for å arbeida og få eit eventyrleg år."

Rørentreprenørene Norge
Vi er en bransjeorganisasjon for rørleggerforetak med det formål å stimulere til og skape forutsetninger for lønnsom og samfunnsnyttig næringsvirksomhet som skal være forankret i en høy etisk standard og faglig kompetanse.

Besøksadresse
Fridtjof Nansens vei 19, 0369 Oslo

Postadresse
Postboks 5480, Majorstuen, 0305 Oslo

Telefon: 23 08 76 50

E-post: firmapost@rornorge.no

Org.nummer: 960 951 581