PC: Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac: Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Tilbakestille: Hold Ctrl-tasten nede (Cmd for Mac). Trykk 0 (tallet null).

Sogndal til Island
Klasse 2 KEA hadde en super tur til Island og Idnskolinn i Hafnarfjordjur. Faglærer Oddbjørn Skjerdal (innfelt) skriver om flotte og lærerike opplevelser fra turen i denne artikkelen.

På læretur til Island

Sogndal VGS har gjennom to år hatt et samarbeidsprosjekt med rørleggerutdanningen på Island, Idnskolinn i Hafnarfjordur. I mai var Sogndal-elevene på Islandstur for å lære om hvordan faget utøves på Island. Her kan du lese deres rapport.

Oddbjørn Skjerdal, faglærer Rør, ventilasjon og blikkenslager ved Sogndal VGS

Fredag 10. april

Avreise frå Sogndal 00.30 med minibussen til skulen, via Aurland –Voss til Flesland, der me kom 06.00. Me sjekka inn og hadde god tid til flyet skulle ta av 10.15.

Me landa etter ruta på Keflavik, og vart henta av Bjarni Magnusson med minibuss, og køyrde til Lava Hostel i Hafnarfjordur. Der vart me møtt av vår vert, Gunnar Sigurjonsson, som er lærar ved Idnskolinn. Etter innsjekk tok me turen til yrkesskulen der elevane fekk omvising og ei matøkt. Yrkesskulen i Hafnarfjordur har ca 500 elevar, og  har utdanningsprogram som elektro, data, byggteknikk, mekanisk, frisør, kunst og røyrleggjar. Dette samsvarar godt med utdanningsprogramma ved Sogndal VGS.

Laurdag 11. april

Denne dagen skulle me vera turistar og besøka Hveragerdi geotermisk park, Gullfoss og Geysir. Dagen var kald -6°C, snø og vind. Dette gav oss ei litt meir spesiell oppleving då me måtte køyra kolonne over Hellisheidi, og ein omveg ut til kysten, før me kom til Hveragerdi. Lærar Gunnar var god sjåfør og guide.
 
I den geotermiske parken fekk me sjå korleis kokande vatn og damp kjem opp frå bakken og renn i varme elvar. Alle elevane fekk også koka egg i den varme bekken, og me fekk smaka brød som er steikt i dampen frå jorda. Dette var retteleg smakfullt.


Elevene studerer en av de varme kildene i Hveragerdi geotermiske park.

Vannet i de varme kildene holder gjerne over 100 grader celsius - man kan bokstavelig talt koke egg i det!

Turen gjekk vidare til Gullfoss og Geysir som gav oss flotte, mektige og kalde opplevingar. Ein lang og god dag i buss vart avslutta med bading i Laugardalslaug i Reykjavik med - 6 °C og 40°C i heitapottur.

Søndag 12. april

Denne søndagen hadde me ein roleg dag, og  såg oss litt rundt om i Hafnarfjordur. Tok ein tur til Kringlan som er eit stort kjøpesenter i Reykjavik.

Måndag 13. april

Me møtte på Idnskolinn, og Gunnar tok oss med til Svartsengi geotermisk kraftverk som ligg i Grindavik. Her fekk me sjå korleis dei produserar straum frå dampen som kjem via fleira borehol i området. Vatnet som vert kondensert  etter produksjon går vidare til fjernvarme, og 60% prosent av vatnet vert så ført attende til kjeldene nede i bakken, medan 40% går som badevatn til den Blå Lagune. Dette vatnet inneheld svært mykje mineralar, og det gjer godt for huda til dei badande turistane.


På Svartsengi geotermiske kraftverk, som blant annet leverer vann til Den Blå Lagune.

Selvsagt ble det tid til å ta seg en dukkert i en av Islands mest kjente attraksjoner - Den Blå Lagune.

 

Etter omvisinga i kraftverket, bada elevar og lærarar i den Blå lagune, det var ei flott oppleving for alle. På heimturen til Hafnarfjordur fekk me også omvising på eit høgdebasseng for bruksvatn: 6000 m³ og pumpestasjon for byen.

Siste post på programmet denne dagen var eit besøk til ein røyrgrossist, Lagnalagerinn. Dei viste oss rundt på lageret sitt og demonstrerte røyrsystemet PPR, med tilhøyrande verktøy som elevane fekk prøva.

Tysdag 14. april

Dette var dagen for å setja seg på skulebenken! Då fortalde Gunnar Sigurjonsson om korleis dei nytta fjernvare til oppvarming i husa på Island. Dei har mange ulike system med ei mengde  trykkstyringar og varmeveksling. Dei nyttar svært lite varmtvatntankar i bustadhus på Island. I staden brukar dei små varmevekslarar til å varma kaldt vatn varmt.

Dei brukar også varmt vatn til oppvarming av bustadhus med radiatorar, og til snøsmelting før vatnet enten går tilbake til fjernvarmesentralen, eller vert ført i sjøen.

Elevane fekk også prøva seg på verkstaden med å kopla opp eit varmesystem, og dei fekk prøva eit nytt røyrsystem, PPR, som ikkje er vanleg i Noreg.

Onsdag 15.april

Ekskursjon til Reykjavik for å sjå eit rehabilitert badeanlegg i vestbyen "Vesturbærlaug", og til konserthuset Harpa for å sjå dei tekniske anlegga der.


Lærer Gunnar Sigurjonsson demonstrerer PPR-system.

Elevene får omvisning på Harpas sprinklersentral.

I Vesturbærlaug fekk me sjå alt røyr og pumpesystemet som trengst for å varma og senda vatnet både ut og inn av bassenga. Det var mykje godt og spennande arbeid som var utført der.

I Harpa fekk me fyrst sjå sprinkelsentralane, før me vart vist rundt i ulike ventilasjons– og tekniske rom for vatn.

Litt spesielt er det at i eit så stort konserthus som Harpa brukar dei ikkje varmtvatntankar. Dei gjer det enkelt med varmevekslarar i røyrsystem og sirkulasjonspumper. Då har dei heile tida nok varmtvatn i røyrsystema til heile huset.

Torsdag 16. april

Dette var dagen då elevane skulle ut i ei bedrift for å arbeida. Gunnar hadde avtale med seks bedrifter som kom å henta elevane våre.

Dei arbeidde saman to og to, og dei var på ulike stader i Hafnarfjordur og i Reykjavik.

Arbeidsdagen starta kl 08.00 og varde til 18.00. Dette er vanleg arbeidstid for røyrleggjarar på Island, men sjølv om det var ein lang arbeidsdag så var elevane stornøgde då dei kom attende. Det hadde vore svært morosamt og lærerikt, og dei vart ynskt velkomne attende til Island for å ta ein del av lærlingtida si der.

Meldinga frå elevane var: dei som får reisa til Island neste år, må få arbeida to dagar, for det var det kjekkaste.

Då dette var den siste kvelden på Island hadde me avslutting med pizza og god dessert ute på restaurant, saman med Gunnar Sigurjonsson.

Fredag 17. april

Heimereisedag. Me køyrde ut til Keflavik 08.00, leverte frå oss bussen og betalte for leiga til Bjarni Magnusson. Innsjekken gjekk fint og flyet tok av 11.20 mot Bergen. Me landa rundt 15. 30, fann att minibussen som hadde venta tolmodig i ei veke, og køyrde så heim. Me kom til Sogndal litt før kl 21.

Det hadde vore ein kjekk tur!  Alle saman var nok godt slitne, men fulle av inntrykk etter eit godt opphald hjå Idnskolinn på Island.

Rørentreprenørene Norge
Vi er en bransjeorganisasjon for rørleggerforetak med det formål å stimulere til og skape forutsetninger for lønnsom og samfunnsnyttig næringsvirksomhet som skal være forankret i en høy etisk standard og faglig kompetanse.

Besøksadresse
Fridtjof Nansens vei 19, 0369 Oslo

Postadresse
Postboks 5480, Majorstuen, 0305 Oslo

Telefon: 23 08 76 50

E-post: firmapost@rornorge.no